Denne gong var det ei spennende skisse vi fikk i utfordring. Eg valgte å ikkje lage eit kort, men eit dørskilt til min kjære tantunge, Yuna som blir tre år den 12 Januar. Ho er ei lita søt prinsesse, derfor måtte eg jo bruke dei nye prinsesse arka til Imaginisce: Fairest of them all.
Klarte jo ikkje å gå forbi dei flotte matchende stemplene heller. Dei er mala med distress ink.
Bokstavene er chipboard som er mala med rosa maling og så tatt på sticles. Blomstene er av sløyfeband og perler. Huske ikkje kor dei er kjøpt. Kantene på arka er revet opp og så tatt på chalk.
Litt diamanter er festa på i blomstene og i vinduet på vogna. Var så heldig å på Slice maskinen til jul, så den blei og flittig brukt. Det var ein kjempegod julepresang;)